tirsdag 22. november 2011

Krisesenteret er sikra!

I dag behandla Helse og sosialutvalet i Flora Kommune sak om krisesenterløysingar for 2012. Vertskommuneansvar.

Det er tidlegare slått fast at krisesentertilbodet i Sogn og Fjordane skal ha utgangspunkt i eitt krisesenter med døgntilbod og at dette skal ligge i Florø. Kommunane i fylket inngår samarbeid med ein vertskommune for drift av krisesentertilbodet.
Bystyret i Flora Kommune har tidlegare vedtatt at kommunen er innstilt på å ta på seg ansvaret som vertskommune og vil forvalte vertskommuneansvaret ved at tenestene vert kjøpt.  

Det var til møtet idag lagt fram eit forslag til framlegg i 3 punkt frå administrasjonen der dei blant anna foreslo å kjøpe krisesentertenestene frå ideelle organisasjonar, og at det i samsvar med reglane i lov om offentlege anskaffelsar vert lyst ut konkurranse blant ideelle organisasjonar.

Det vart altså tilrådd å lyse krisesentertilbodet ut på anbod, og det vart framheva at det var eit krav om konkurranseutsetjing. Flora Ap har heile tida vore tydelege på at vi ikkje ønska ein sånn anbodskonkurranse.  
Poenget med en anbodsutlysing er eit best mogleg tilbod for eit minimum av pengar for eit definert innhald.  Det er og klare retningsliner for tildeling av anbod, noko som betyr at med ein gong ein lyser ut eit anbod så har ein ikkje lenger kontroll. Om ein opererer i ein marknad  med berre ein tilbydar vil prinsippet om konkurranseutsetjing  vere meiningslaust. For oss har berre ein tilbyder vore aktuell. Nemleg stiftinga Krisesenteret Sogn og Fjordane som sidan 1985 har drevet krisesenter lokalisert i Florø. Dei har på den tida opparbeida seg ein kompetanse innan området, og stor tillit blant befolkninga i fylket.

Det har i denne saka vore heftige debattar,  og også tvil om korleis ein skal tolke dei ulike lovene. Kommunen har fått uttalar frå sine advokatar og krisesenteret sjølv har også sjekka jussen i dette. Både professor ved UIO Hans P Graver og Kai Kruger ved UIB er sterkt tvilande til om krisesentera kjem innanfor lov om offentleg anskaffing. I eit samanliknbart tilfelle ser vi at Nav kjøper tenester for 1 mrd. frå attføringsbedrifter, og at det er presisert frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet at dei unnateke lov om offentleg anskaffingar. 
Heldigvis havna både Høgre og Venstre ( som aleine har fleirtal i bystyret) på å også kjøpe tenestene direkte frå Krisesenteret utan å konkurranseutsette med bakgrunn i blant anna uttalane frå Kai Kruger.

Vi er veldig fornøyd med vedtaket i dag og er viss på at vi kjem til å ha eit godt krisesentertilbod i fylket. Gratulerer til stiftinga Krisesenteret Sogn og Fjordane!
Eg legg også ved ein link til Krisesenteret sine heimesider om du har lyst til å sjå litt meir på kva dei driv med:
Som nyvalgte og rimelig ferske Helse og sosialpolitikarar har læringskurva vore rimelig bratt. Denne saka var forsåvidt ikkje ny, men den var ny for oss. Innan Helse og sosial feltet møter ein også i større grad enn i dei andre utvala, mennesker som er i ein sårbar situasjon på ein eller anna måte. Det er eit stort ansvar å forvalte som folkevalgt.  
Idag vil eg også berømme Ann Kristin som tok mykje ansvar! Eg fekk ikkje møte idag, fordi min lille Noah var sjuk og eg måtte være heime med han. Men Ann Kristin sto på ilag med Jarle!:)

Karianne

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar