søndag 11. desember 2011

Maratonmøte!

Tysdag 6 desember var det eit maratonmøte i bystyret- heile 10,5 timar tok det å komme gjennom sakslista.

Der var mange frammøtte i salen som tilhøyrarar og det var spesielt barnehagesakene og høyringsuttalen om vindkraftverk på Guleslettene som trakk folk.
H og V hadde spesielt i barnehagesakene skapt mykje oppstyr på førehand med vedtaka dei hadde pressa gjennom i KUOP og i formannskapet. Heldigvis hadde dei i mellomtida gjort kuvending og komt på bedre tankar. Dei ville ikkje innrømme dette, men til nød kunne gå med på at dei hadde endra kurs og det er vel lov?

Solveig Willis frå AP kom med følgande treffande kommentar til tidenes kuvending:
Høgre har snudd igjen, håper dei ikkje blir helt svimmel i desse snuoperasjonane sine.

Desse sakene viser godt at det å sitte i posisjon ikkje alltid er like enkelt. Det var også til tider gjennom møtet til dels høg temperatur mellom posisjonspartia Høgre og Venstre. Spesielt godt kom det til syne i saka om krisesenteret der det i HSU møtet vart fremma eit fellesforslag frå H og V. Det var berre det at V ved Halvor Halvorsen ikkje hadde vore på dette møtet og likte dette dårleg.

Halvor Halvorsen går seirande ut av dagens sitat med følgande kraftsalve til Høgre:
Det er greit at Venstre og Høgre har inngått samarbeid, men vi har ikkje inngått katolsk ekteskap!

Venstre og Høgre stemte også ulikt i ein del av dei sakene som har budsjettmessige konsekvensar. Det blir difor spennande å sjå om dei klarar å bli einige om felles budsjett for Flora Kommune til budsjettmøtet tirsdag den 13 desember;)

For Ap sin del skal ein ikkje legge skjul på at det er uvant å sitte å opposisjon, men vi tenker nok at vi er i ferd med å finne vår rolle her. Underteikna og AP var også aktive i møtet i dei fleste sakane og vi fremma blant anna fleire endringsframlegg til oppvekstplanen vi skulle vedta. Flesteparten av forslaga blei vedteke og dei andre som hadde litt større økonomiske konsekvenar vart oversendt KUOP. God uttelling syns viJ Malene var flink som var på talatstolen for første gang i bystyret!:) Spesielt Høgre sin gruppeleiar murra litt over at vi kom med framlegga våre i bystyret, og ikkje tidlegare. Men då er det også viktig å minne om at bystyret faktisk er ein politisk verkstad og at faktisk H og V også kom med framlegg direkte i møtet.

Det er også med glede at vi kan konstatere at denne gang var 3 stk som hadde slips. Vi har tidlegare sagt at vi ønsker oss fleire fine kle i bystryet så dette er absolutt framskritt! Vi skal også denne gang kåre dagens outfit sjølv om vi har vært så sløve at vi ikkje har fått tatt bilde. Men dagens beste antrekk i sterk konkurranse med fleire går faktisk til varaordførar Jan Henrik Nygård! Gratulerer!:)

Ellers må vi også bruke litt plass på å skryte av ungdomsordførar Vebjørn Dolve igjen. Også denne gangen med dagens frisyre, men også flink og klartalande frå talarstolen.

Vi registrerte også stor aktivitet frå talarstolen frå ulike representantar. Både Jacob Nødseth som måtte får for å møte i Stortinget og Frank Willy Djuvik, som var vekke eit par timar, var aktive og hadde nok igjen toppa statistikken om dei hadde vore på heile møtet;) Klarar Venstres Odd Bovim å ta opp kampen?

Det var alt for denne gang, vi kjem tilbake med rapportering frå budsjettmøtet i neste veke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar