onsdag 2. mai 2012

Rett frå sandkassa!


Denne gangen skal eg gjere noke overraskande. Eg skal poste eit surmaga, rett frå levra blogginnlegg rett frå sandkassa frå bystyremøtet i førre veke. Det er jo så populært med skittkasting i desse dagar, så korfor ikkje prøve litt sjølv også?

Det vert sagt at skal ein få hol på ein verkebyll, så må alt ut. Ja så får eg gjere det då;)

Første frustrasjon :

Først vart det vedteke at bystyremøtet skulle være den 10 april og at det skulle være ein strategikonferanse på dagtid. Så blei dette utsett til den 17 april( same dag som fylkesting), og til slutt flytta til den 23 april. Så kom innkallinga og sakslista( den kom i posten på torsdag, same kveld som vi egentlig skulle ha gruppemøte, men det måtte vi jo utsette fordi vi faktisk måtte ha tid til å lese sakspapira også.) med møtestart klokka 14(!). Ja vel. Klokka 14. Då vert det ikkje dagmøte som det tidlegare vart varsla om. Og det vart heller ikkje vanleg møtestart som er kl 17 på kveldsmøte. Men altså ein mellomting som gjer det vanskelig å planlegge og å for eksempel hente ungar i barnehagen.

Kva er problemet? Det bør kunne gå an å sende ut sakene i skapelig tid , så vi har mulighet til å sette oss godt nok inn i sakene!  og det burde heller ikkje være noke problem å ha meir orden på møtedatoar og TIDSPUNKT!  Vi leike ikkje politikk her. Dei fleste av oss er engasjerte og seriøse menneske som virkelig har lyst til å gjere ein god jobb i det vervet vi forvaltar. 

Andre og største frustrasjon: behandling av sakene i møtet:

 Dei 2 første sakene vi behandla i møtet var prinsippsak om retningslinjer for skjenking av alkohol og for sal av alkohol. Desse sakene hadde vi ein grundig runde på i HSU som er fagutval for desse sakene der vi kom fram til eit samrøystes framlegg som alle stilte seg bak. Med unnatak av om ein skal gå over til ølpol, og eit punkt om skjerming av øl i butikkane. Det blei difor eit merkeleg skue i møtet då dette utvikla seg til å bli ein lang debatt mellom posisjonspartia med Høgres Jacob Nødseth og Venstres Halvor Halvorsen i spissen. Ispedd nokre innlegg frå Frps Frank Willy Djuvik.  Forøvring heilt utan objektiv vurdering kan eg no sei at eg syns Halvorsen kom best frå det. Han gjorde det bra og fronta det synet som HSU i møtet kom fram til.

Saka utvikla seg også til ei mistenkeliggjering av kvarandre sine synspunkt.Og ein debatt der Nødseth frå H brukte mykje tid på å fortelje alle andre kva dei burde gjere/stemme. Kva med rett og slett å akseptere at vi har ulike meinigar?!  I skjenkesaker er det ofte personleg overbevisning som ligg til grunn, utan at ein er meir eller mindre fornuftig av den grunn. Er også verdt å merke seg at Gustav Nydal frå KRF blei klubba i debatten. Ikkje av ordførar, men av Odd Bovim, og Frank Willy Djuvik. Greitt nok kunne dei 2 sikkert tenkt seg å være ordførar sjølv, men no er det no en gang sånn at det er Bengt Solheim Olsen som er det. Og han brukte ikkje klubba.

Dei to neste sakene blei utsett. Til junimøtet. Då vi også skal behandle alle andre saker som er utsett. Blir nok eit langt møte det.. også.

Møte og delegringsreglementet har allereie gått nokre rundar. Og no skal det altså gå nokre rundar til .Jaja. Det kan no ikkje skade. Og fordi det blei utsett, så måtte ein også utsetje saka om godtgjersledirektiv for ombods og tillitsvalgte i Flora Kommune.  

Ærlig talt så syns eg dette bystyremøtet utvikla seg til en skikkelig farse.   Ein anna ting er også den streksettinga i debattane. Nokre gangar vert det sett strek før alle framlegga er fremma. Medan det i andre saker , det med fordel kunne vert sett strek, så dreg debatten ut i det uendelige.  Forstå det den som kan.

Vel der var det ute!

Så får vi håpe at verkebyllen er tomJ
Mvh
Karianne

mandag 9. april 2012

Planke eller planking?

Sidan Ann Kristin no har vore sjukemeldt ein periode etter at ho fekk ein planke i hodet, har eg måtta holde fortet aleine.

Det har forsåvidt gått bra det, men det skal no bli kjekt å få deg tilbake igjen også!

Og siden en planke er en planke, og ein ikkje har meir moro enn ein lagar sjølv så har eg planka til ære for deg.

Og ikkje kor som helst, men på ordførarbordet før forrige møte i bystyret.

Denne er for deg!:)

mandag 12. mars 2012

Samma det, Trond er Trond;)

Dette er jo i grunn ein bystyreblogg, men no kan vi ikkje dy oss. I helga var vi på årsmøte i Sogn og Fjordane Ap.

Då hadde vi pynta oss og fekk tatt bilde ilag med sjølvast næringsministeren! Det er ikkje kvar dag;)



Samma det. Trond er Trond! Ikkje sant Ann Kristin?

Denne gangen kårer vi rett og slett oss sjølve med beste outfit;)

tirsdag 14. februar 2012

Nytt år, nye muligheter...?

Du trudde vi hadde glømt heile greia? At vi har slutta å blogge fordi det er nokre som meiner dette er forkasteleg? Neida. Her er det ikkje snakk om å gje seg. Har berre vore hektiske dagar sidan sist bystyremøte. Vi er jo to travle og opptatte damer...

Årets første bystyremøte blei holdt torsdag 9.februar. Vanlegvis er jo bystyremøtene på tirsdagar, men siden Flora kommune er så heldige å ha fleire representantar som sit både i bystyret og på Fylkestinget, blei møtet flytta slik at det ikkje blei dobbelbooking.

Dersom du har lest dei siste blogginnleggene så har du fått med deg at ved forrige møte blei det høg temperatur. Og i den anledning hadde vi sendt inn ein interpellasjon til bystyret om folkeskikk.
eg fekk "æra" av å legge den fram for bystyret. Det gjekk heilt fint. Men eg forstår ikkje kvifor eg skal bli klam i hendene av å snakke. Mulig eg må prøve å synge innlegga mine... Uansett, vi fekk eit fyldig svar av Ordfører Bengt Solheim-Olsen. Om at han ville "kreve" at dei folkevalde oppførte seg i tråd med god folkeskikk og at det å ha eit godt arbeidsmiljø i bystyret var alle representantar sitt ansvar. Fint og rundt svar.

Den store saka på dette møtet var sentrumsplanen. Den skulle godkjennast for å bli lagt ut på høyring. Der hadde vi nokre endringar og eit tillegg, men vi fekk ikkje debattert det siden det blei sett strek for talelista før Arbeiderpartiet hadde fått lagt fram sakene sine. Vanskeleg å debattere når ein berre kan ta replikk... Som ny i gamet syns eg dette var ein litt spesiell måte å gjere ting på, og eg forstod det slik at det var fleire som reagerte på det samme.

Ei anna sak som skapte litt feber var opprettinga av folkehelseråd i kommunen.Folkehelserådet skal arbeide med måla i helseplanen del 1, og siden den ikkje handlar om barn og unge si helse, meinte vi at det var viktig å få med eit punkt om at det måtte settast eit fokus på barn og unge si helse. Høgra var vel egentlig langt på vei enige med oss, men ville likevel ikkje stemme på vårt forslag. Dei ville heller formulere eit forslag som vi skulle stemme med dei på. Her blei det ein meget temperert diskusjon.

Men no er det nok alvor og seriøsitet.Vi har jo fronta denne bloggen som ein politisk vittig blogg, og det har vi tenkt å fortsette med. Så om du ikkje vil lese om bekledning og vittige komentarer, så får du slutte å lese her, for no begynner det:

Møtet starta med ein liten visitt av ein kjend revyfigur, Reidar. Han fekk fram latteren hos dei aller fleste, og det gjorde godt.
 Reidar

Årets første møte inneheldt ikkje dei aller vittigste poenga. Men nokre gullkorn var det sjølvsagt. Og siden vi liker kåringer, så må vi vel kunne sei at det denne gangen var Venstrepolitiker Odd Bovim som kom med dei fleste. Og dei kom under debatten om den såkalla monsterlinja. Ein debatt der bystyret kom med ein felles uttale i forhold til trasèvalet til OED.
"Det er ikke noe galt i å være eikefjordpolitiker.
 Vi skulle gjerne hatt enda flere av dem" O. Bovim
Og i samme sak:
 "Ved å gå imot monsterlinjen der den blir plassert nå, 
går vi inn for dyrere strøm. Det støtter Venstre fullt ut"O.Bovim

Vi tok også i dette møtet ei opptelling på slips. Det er fortsatt alt for få slips i bystyret. Det var berre to menn med slips. 
Det var (som vanlig) rådmann, Terje Heggheim, og så var det representanten frå KrF, Gustav Nydal. "Ja" til fleire slips!!!
Ein har det ikkje meir morro enn ein lagar sjølv, heiter det. Og det er utrulig kor godt ein skrivefeil i eit politisk dokument kan passe inn i den store samanhengen. Då vi skulle diskutere Viltnemda i kommunen, gjekk Hanne Kristensen på talerstolen og ville ha ei oppklaring i kva rådmannen hadde meint når det stod i saka at ordfører og rådmann hadde "mørerett" i viltnemda... Ordfører og rådmann var svært fornøgd med den retten, og såg ikkje nokon grunn til å endre på feilen. Mørerett kan jo være greit det...

Rådmannen hadde også nokre gode linjer på lager denne kvelden. Dei som las Firdaposten rett før MGP-helga i Florø, fekk med seg at safen på ordføreren sitt kontor gjekk i vranglås og at det til slutt måtte brukast vinkelsliper for å få opna den. Skikkeleg "Olsenbanden" opplegg. Og rådmannen har tydelegvis blitt inspirert av dette når han skulle forberede saka om nytt tak på Haffen, for då kunne han meddele bystyret at  saka var "timet og tilrettelagt". Det mangla berre at han sa: "Jeg har en plan". Det hadde han nok, men han sa det ikkje. Når eg tenker meg om så er det vel derfor vi er i salen alle sammen, fordi vi har en plan...

Når det gjeld talelista i møtet, så må eg innrømme at eg datt ut ei stund. eg har derfor ikkje ei korekt liste, å presentere, men dei to som var flest ganger på talerstolen denne gangen var: 
1. Jacob Nødseth
2. Rådmannen

Så til møtets høgdepunkt: Dagens outfit!

Og årets første kåring går til............................

Frank Willy Djuvik

På bildet er han sammen med Åge Larsen, so ikkje heilt nådde opp i kåringa, men som fekk være med på bildet likevel. Djuvik hadde dessuten dei blankaste skoa...

Sånn. No trur eg  at eg har fått med både litt av det vi diskuterte og litt vittige ting. 
Og, om du fortsatt syns bloggen vår er teit, dum og barnslig, så foreslår eg at du lar vær å lese den neste gang...

Ha en fin dag. 

Vi bloggast ;)


lørdag 14. januar 2012

Useriøst av Firdaposten!

Eg og Ann Kristin har kjent kvarandre heile livet,  vi heng altså ofte ilag. Sidan valet har vi også blitt kollegaer i bystyret,  og  i Helse og  sosialutvalet.  Vi likar å samarbeide og vi jobbar godt ilag.

Vi har også i den samanheng fleire gonger operert med felles utspel som det står i laurdagens Firdaposten.

Og med det som bakgrunn meinar altså journalist Olav Hatlemark i Firdaposten at det er greitt å kalle meg og Ann Kristin for Aps «Tuppen og Lillemor» i bystyret.

Bakgrunnen for artikkelen er at vi har sendt inn ein interpellasjon til ordførar til neste møte i bystyret der vi utfordrar han til å definere kvas om er ok oppførsel i bystyret og kva han vil gjere for å betre arbeidsmiljøet i bystyret for alle representantane.

Eg og Ann Kristin prydar altså framsida av dagens Firdaposten med overskrifta «Tuppen og Lillemor» vil ha ordførar justis.

Min første tanke er at dette er  lavmål, og det er eit utidig forsøk på hersketeknikk.  Det er rett og slett useriøst å bruke sånne namn på oss. Skal tru om det bare er fordi vi er kvinner eller om to menn for eksempel hadde endt opp med å bli kalla knoll og tott?

Eg har alltid rekna Firdaposten som ei seriøs lokalavis, og håpar dette er ein glipp som dei vil rette opp i. Når dei stiller krav til oss politikarar om å være seriøse, må vi kunne stille det same kravet tilbake.

Men sånn bare for moro skyld: her får dokke Tuppen og Lillemor. For det er nemleg ikkje meg og Ann Kristin;)


Tuppen og Lillemor bor gård i gård;
begge har øyne blå, lysegult hår,
sløyfer i flettene, sløyfer på sko,
forkle med lomme på har de begge to.
Hjem i fra skolen pent hånd i hånd
daglig de knytter "evig vennskaps bånd".
Men plutselig en dag kom de opp å slåss,
"Nå får du aldri mere komme hjem til oss!"

Du få'kke leke mer i våres gård!
Jeg er'kke venner med deg mer.
Jeg skal skli på kjeller-lemmen,
mens du står utenfor og ser.
Du får'ke klyve mer i våres trær
for jeg er'ke glad i deg!
Du får'ke leke mer i våres gård,
når du er så slem mot meg."
Veien til skolen var fryktelig lang
da de gikk hver sin vei for første gang.
Time på time gikk - ikke et ord!
Begge var på gråten. Sorgen var så stor.
Men i det siste store frikvarter
kan ikke Lillemor greie det mer.
"Tuppen! Jeg angrer så på det du vet.
La oss være venner i all evighet.

Kom å bli med bort i våres gård!
Vær'ke sinna på meg mer!
Vi skal skli på kjellerlemmen,
mens de andre står og ser.
Du kan gjerne klyve i våres trær.
Det skal bare du og jeg.
Kom og bli med bort i våres gård,
for jeg er så glad i deg!"

tirsdag 20. desember 2011

Ei lita saksopplysning...

I lys av dei siste dagers mediehurlumhei finner eg det på sin plass å komme med et aldri så lite innlegg. I ei nettsak på Firdaposten i dag blir det referert til eit leserinnlegg fra Høgremedlem Erlend Bøe. Han meiner at eg ikkje bør klage på Jacob Nødseth sine uttalelser i bystyret fordi eg her på bloggen omtaler medlemmer i bystyret og blandt annet skriver om kva dei har på seg.
Etter mitt syn har desse to tingene svært lite med kvarandre å gjør. Det som blir sagt på bystyrets talerstol er noko heilt anna enn det som blir skrevet på en privat jenteblogg som har som formål å ha eit humoristisk syn på livet i bystyret.
Dersom eg eller Karianne hadde stått på talerstolen og kåra dagens outfit, dagens ivrigste taler og dagens sitat, så hadde det vore svært useriøst og eg håper vi i så fall hadde blitt klubba ganske fort.

MEN dersom noen føler seg uthengt, fornærmet eller sjikanert her på bloggen, så ber eg vedkommende snarest ta kontakt med oss slik at vi får fjernet innleggene det gjelder. Vår intensjon med denne bloggen er så absolutt ikkje å henge ut noen.

Siden Erlend Bøe sitt leserinnlegg ikkje blir offentleggjort før i torsdagsavisa kan eg ikkje komentere det noko meir no, men om eg finn grunn for å kommentere det noko meir så kjem eg til å gjør det.

Kos dere videre med juleforberedelsene og husk: Dersom du ikkje mot formodning har tenkt å tilbringe jula inne i eit skap eller nede i ei skuff, så treng du ikkje å skure der...

onsdag 14. desember 2011

Gjør mot andre slik du vil andre skal gjør mot deg...

Den som seier at kommunepolitikk er en dans på roser veit ikkje kva den seier...

Vi har akkurat lagt bak oss årets siste bystyremøte. Budsjettmøte. Og både nye og gamle politikere veit at budsjettmøter kan være en utfordring. Men at det skulle utvikle seg til å bli ein arena for personlig sjikane hadde eg vel så absolutt ikkje venta meg. Som nyvalgt politiker meiner eg at vi som har fått innbyggerne sin tillit til å sitte i bystyret og forvalte dei kommunale resursane til beste for innbyggarane, bør og skal opptre på en slik måte at vi er tilliten verdig.
Eg finn det derfor svært betenkelig at Jacob Nødseth, leder for HSU, tillater seg å stå på talerstolen i bystyret og sjikanere enkeltpersoner på det grovaste. Han som skal påse at alle innbyggerne i kommunen får gode helsetilbud både på fysisk og psykisk nivå. Det er ikkje en helse- og sosialutvalgsleder verdig.

I eit av innlegga sine starta Jacob Nødseth med å sitere Bibelen. Han hadde eit sitat om Jakob. Eg skreiv det ikkje ned, men eg foreslår at han kanskje , siden han likevel leser i den boka, leser fra Paulus' første brev til korinterne, kapittel 13. I andre vers står det:
Om jeg har profetisk gave,
kjenner alle hemmeligheter og eier all kunnskap,
om jeg har all tro så jeg kan flytte fjell,
men ikke har kjærlighet,
da er jeg intet.

Ellers så var det sjølvsagt mykje spennande som foregikk i bystyresalen. I perioder satt latteren laust, som f.eks når AP's Bente Frøyen Steindal ikkje var komt inn i salen når ordføreren meinte at pausen var over, og Åge Larsen tilbydde seg å gå ned på toalettet for å hente ho. I Arbeiderpartiet tar vi i allefall vare på kvarandre.  Bente var foresten ikkje den einaste som ikkje var heilt klar: Litt oppkava gjekk Venstes Odd Bovim på talerstolen og sa følgende: "Jeg hadde trodd at Rådmannen skulle snakke litt lengre slik at jeg fikk tid til å lese igjennom papirene mine før det var min tur". 

Det var ikkje bare Nødseth som hadde forberedt seg på sitatsida denne dagen. Dette var tydeligvis dagen for sitater:
* Tenke det, ønske det, ville det, gjøre det med? (Jarle Storevik, fra Peer Gynt)
* Rådmannen gjer, det Rådmannen må (Rådmannen, fritt etter Kinnaspelet)

Og nokre sjølvkomponerte:
* Her må vi bruke samme strategi som når vi skal spise en elefant; en bit om gangen. (Vidar Grønnevik)
* Eg hadde ikkje tenkt å sei noko meir, for det er sagt så mykje løye her i kveld. (Jan Arve Midtbø)

Siden det var eit budsjettmøte så blei det sjølvsagt lagt fram fleire forslag til budsjett. Alle parti har ambisjoner om å få til det beste for innbyggerne, men Høgre gjekk vel kanskje litt høgt ut då dei i eit av sine framlegg ville sørge for at flyrutene i framtida skulle ha samme regularitet som tidligere. Det er mykje dei kan få til, men å sørge for at vêret er slik at flyene alltid kan gå er vel litt ambisiøst. Heldigvis blei fremmedordet oversett til vanlig språk og vi kunne le av det sammen. 

Når vi er inne på fremmedord. Eg registrerer at både Bovim og Nødseth er litt over gjennomsnittet glad i fremmedord. Endel av dei har eg aldri hørt, men det er jo alltid kjekt å lære nye ord. Eg veit ikkje om eg får bruk for dei, men men...

Siden det var "julemøte", så hadde eg eit håp om at det skulle bli kamp om "dagens outfit, men det blei en usedvanlig lett avgjørelse å ta. Dagens outfit går til..... (trommevirvel).......
Ola Teigen, Flora Arbeiderparti

Det blei holdt 123 innlegg på møtet og dei tre som var mest aktive var:
1. Frank Willy Djuvik (16)
2. Jacob Nødseth (14)
3. Rådmannen (10)

Ellers blei det registrert bare fire slips og to høge heler på møtet. Det er for dårlig! Skjerpings!!

Blogginnlegget fra dette møtet måtte eg (ann Kristin) ta meg av sjølv. Karianne var på Fylkestinget, der ho foresten fekk oppmerksomhet for Twitringa si, så då var eg overlatt til meg sjølv. Men det gjekk heilt fint. Vi er som sagt flinke på å ta vare på kvarandre i Arbeiderpartiet.

Men no blir det juleferie og så håper vi på at vi slepp å ha møter i framtida der enkelte syns det er greit å snakke om andre representanter slik vi var vitne til denne dagen.

Ha ei fin jul, og kven veit? Plutselig kjem det eit nytt innlegg, så følg med videre...