onsdag 2. mai 2012

Rett frå sandkassa!


Denne gangen skal eg gjere noke overraskande. Eg skal poste eit surmaga, rett frå levra blogginnlegg rett frå sandkassa frå bystyremøtet i førre veke. Det er jo så populært med skittkasting i desse dagar, så korfor ikkje prøve litt sjølv også?

Det vert sagt at skal ein få hol på ein verkebyll, så må alt ut. Ja så får eg gjere det då;)

Første frustrasjon :

Først vart det vedteke at bystyremøtet skulle være den 10 april og at det skulle være ein strategikonferanse på dagtid. Så blei dette utsett til den 17 april( same dag som fylkesting), og til slutt flytta til den 23 april. Så kom innkallinga og sakslista( den kom i posten på torsdag, same kveld som vi egentlig skulle ha gruppemøte, men det måtte vi jo utsette fordi vi faktisk måtte ha tid til å lese sakspapira også.) med møtestart klokka 14(!). Ja vel. Klokka 14. Då vert det ikkje dagmøte som det tidlegare vart varsla om. Og det vart heller ikkje vanleg møtestart som er kl 17 på kveldsmøte. Men altså ein mellomting som gjer det vanskelig å planlegge og å for eksempel hente ungar i barnehagen.

Kva er problemet? Det bør kunne gå an å sende ut sakene i skapelig tid , så vi har mulighet til å sette oss godt nok inn i sakene!  og det burde heller ikkje være noke problem å ha meir orden på møtedatoar og TIDSPUNKT!  Vi leike ikkje politikk her. Dei fleste av oss er engasjerte og seriøse menneske som virkelig har lyst til å gjere ein god jobb i det vervet vi forvaltar. 

Andre og største frustrasjon: behandling av sakene i møtet:

 Dei 2 første sakene vi behandla i møtet var prinsippsak om retningslinjer for skjenking av alkohol og for sal av alkohol. Desse sakene hadde vi ein grundig runde på i HSU som er fagutval for desse sakene der vi kom fram til eit samrøystes framlegg som alle stilte seg bak. Med unnatak av om ein skal gå over til ølpol, og eit punkt om skjerming av øl i butikkane. Det blei difor eit merkeleg skue i møtet då dette utvikla seg til å bli ein lang debatt mellom posisjonspartia med Høgres Jacob Nødseth og Venstres Halvor Halvorsen i spissen. Ispedd nokre innlegg frå Frps Frank Willy Djuvik.  Forøvring heilt utan objektiv vurdering kan eg no sei at eg syns Halvorsen kom best frå det. Han gjorde det bra og fronta det synet som HSU i møtet kom fram til.

Saka utvikla seg også til ei mistenkeliggjering av kvarandre sine synspunkt.Og ein debatt der Nødseth frå H brukte mykje tid på å fortelje alle andre kva dei burde gjere/stemme. Kva med rett og slett å akseptere at vi har ulike meinigar?!  I skjenkesaker er det ofte personleg overbevisning som ligg til grunn, utan at ein er meir eller mindre fornuftig av den grunn. Er også verdt å merke seg at Gustav Nydal frå KRF blei klubba i debatten. Ikkje av ordførar, men av Odd Bovim, og Frank Willy Djuvik. Greitt nok kunne dei 2 sikkert tenkt seg å være ordførar sjølv, men no er det no en gang sånn at det er Bengt Solheim Olsen som er det. Og han brukte ikkje klubba.

Dei to neste sakene blei utsett. Til junimøtet. Då vi også skal behandle alle andre saker som er utsett. Blir nok eit langt møte det.. også.

Møte og delegringsreglementet har allereie gått nokre rundar. Og no skal det altså gå nokre rundar til .Jaja. Det kan no ikkje skade. Og fordi det blei utsett, så måtte ein også utsetje saka om godtgjersledirektiv for ombods og tillitsvalgte i Flora Kommune.  

Ærlig talt så syns eg dette bystyremøtet utvikla seg til en skikkelig farse.   Ein anna ting er også den streksettinga i debattane. Nokre gangar vert det sett strek før alle framlegga er fremma. Medan det i andre saker , det med fordel kunne vert sett strek, så dreg debatten ut i det uendelige.  Forstå det den som kan.

Vel der var det ute!

Så får vi håpe at verkebyllen er tomJ
Mvh
Karianne

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar