tirsdag 22. november 2011

Krisesenteret er sikra!

I dag behandla Helse og sosialutvalet i Flora Kommune sak om krisesenterløysingar for 2012. Vertskommuneansvar.

Det er tidlegare slått fast at krisesentertilbodet i Sogn og Fjordane skal ha utgangspunkt i eitt krisesenter med døgntilbod og at dette skal ligge i Florø. Kommunane i fylket inngår samarbeid med ein vertskommune for drift av krisesentertilbodet.
Bystyret i Flora Kommune har tidlegare vedtatt at kommunen er innstilt på å ta på seg ansvaret som vertskommune og vil forvalte vertskommuneansvaret ved at tenestene vert kjøpt.  

Det var til møtet idag lagt fram eit forslag til framlegg i 3 punkt frå administrasjonen der dei blant anna foreslo å kjøpe krisesentertenestene frå ideelle organisasjonar, og at det i samsvar med reglane i lov om offentlege anskaffelsar vert lyst ut konkurranse blant ideelle organisasjonar.

Det vart altså tilrådd å lyse krisesentertilbodet ut på anbod, og det vart framheva at det var eit krav om konkurranseutsetjing. Flora Ap har heile tida vore tydelege på at vi ikkje ønska ein sånn anbodskonkurranse.  
Poenget med en anbodsutlysing er eit best mogleg tilbod for eit minimum av pengar for eit definert innhald.  Det er og klare retningsliner for tildeling av anbod, noko som betyr at med ein gong ein lyser ut eit anbod så har ein ikkje lenger kontroll. Om ein opererer i ein marknad  med berre ein tilbydar vil prinsippet om konkurranseutsetjing  vere meiningslaust. For oss har berre ein tilbyder vore aktuell. Nemleg stiftinga Krisesenteret Sogn og Fjordane som sidan 1985 har drevet krisesenter lokalisert i Florø. Dei har på den tida opparbeida seg ein kompetanse innan området, og stor tillit blant befolkninga i fylket.

Det har i denne saka vore heftige debattar,  og også tvil om korleis ein skal tolke dei ulike lovene. Kommunen har fått uttalar frå sine advokatar og krisesenteret sjølv har også sjekka jussen i dette. Både professor ved UIO Hans P Graver og Kai Kruger ved UIB er sterkt tvilande til om krisesentera kjem innanfor lov om offentleg anskaffing. I eit samanliknbart tilfelle ser vi at Nav kjøper tenester for 1 mrd. frå attføringsbedrifter, og at det er presisert frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet at dei unnateke lov om offentleg anskaffingar. 
Heldigvis havna både Høgre og Venstre ( som aleine har fleirtal i bystyret) på å også kjøpe tenestene direkte frå Krisesenteret utan å konkurranseutsette med bakgrunn i blant anna uttalane frå Kai Kruger.

Vi er veldig fornøyd med vedtaket i dag og er viss på at vi kjem til å ha eit godt krisesentertilbod i fylket. Gratulerer til stiftinga Krisesenteret Sogn og Fjordane!
Eg legg også ved ein link til Krisesenteret sine heimesider om du har lyst til å sjå litt meir på kva dei driv med:
Som nyvalgte og rimelig ferske Helse og sosialpolitikarar har læringskurva vore rimelig bratt. Denne saka var forsåvidt ikkje ny, men den var ny for oss. Innan Helse og sosial feltet møter ein også i større grad enn i dei andre utvala, mennesker som er i ein sårbar situasjon på ein eller anna måte. Det er eit stort ansvar å forvalte som folkevalgt.  
Idag vil eg også berømme Ann Kristin som tok mykje ansvar! Eg fekk ikkje møte idag, fordi min lille Noah var sjuk og eg måtte være heime med han. Men Ann Kristin sto på ilag med Jarle!:)

Karianne

onsdag 9. november 2011

En Rådmann med slips

Ja, då var endå eit bystyremøte gått over i historia. Det blei eit langt møte, sjølv om tre av sakene blei sendt tilbake til formannskapet. Men lange møter har en positiv ting ved seg: Det blir mykje godt bloggstoff av det.
Vi har jo eit stort ønske om at bystyret skal bli litt meir prega av stil. Då meiner vi personlig stil såvel som stil innan mote. Og konklusjonen fra møtet er at om moteskaparane kanskje ikkje hadde ropt hurra over påkledninga, så er det representantar som i aller høgste grad har personlig stil. Nokre kjem i dress og andre i joggekle... 
VI VIL HA MEIR FINE KLE!!!

Eg avslutta forrige blogginnlegg med å love ein rapport om kor mange slips det var å finne i salen. Og det var bare ein som hadde slips på seg i går. Det var Rådmann Terje Heggheim. Han var bærer av det einaste slipset og vi gir han en applaus for det!
Høge heler var det ikkje så mykje av heller. Frå bakerste rad kunne vi klare å telle fire flotte damer med høge heler. Likevel var det mange fine antrekk å sjå. Fleire av mannfolka hadde skjorte og dressjakke, men vi valgte likevel å la den første "møtets outfit" gå til representanten Hanne Husebø fra Flora Høgre.


Gratulerer!!!


På møtet i går hadde vi òg besøk av ordføraren til Ungdommens Bystyre, Vebjørn Dolve. Han heldt ein flott tale til oss som er litt eldre (!) Vi syns foresten at han var så flott på håret at vi valgte å lage ei kåring til. 

Dagens beste sveis går derfor til Ungdomsordførar Vebjørn Dolve!

Sveisen kar dette her!

Det å sitte bakerst i salen og betrakte og følge med på debattar og representantar er faktisk ganske morosamt. Sjølv om det er seriøse og viktige saker som blir diskutert er det heldigvis slik at det er mulig å få seg en god latter undervegs. Vi trakk vel alle på smilebandet då representanten Djuvik fra talarstolen framsette dagens desidert beste sitat: 

"Send mannfolka i sogn og fjordane på sjekkekurs 
slik at vi kan få dei beste damene til å busette seg her."

Djuvik var også ein av dei mest aktive på talerstolen på dette møtet. 

Dei tre ivrigste på talerstolen i går var: 
1. Frank Willy Djuvik (16)
2. Jacob Nødseth (11)
3. Bente Frøyen Steindal (7)

Det er godt folk er engasjerte. På den måten får vi belyst alle sider av sakene. Nokre er faktisk så ivrige at dei tek til å snakke med det samme stumpen lettar frå stolen og fortset å snakke heile vegen fram til talarstolen. Nokre har veldig hastverk med å komme fram, mens andre har gooood tid. Nokre bruker mange framandord, nokre prøver å snakke korrekt nynorsk og Jacob Nødseth tiltaler ordføreren på dei finaste måtane han kan...

Jacob til Ordfører:
"Kjære Ordfører"
"Gode Ordfører"
"Omforente og diplomatiske Ordfører"

Utover kvelden dukka ein av representantane som hadde meldt forfall opp. Høgre sin gruppeleder kom og vi var klar for et representant-skifte. Vara-representanten skulle fratre og gruppelederen skulle inn. For dei som las forrige innlegg så veit dei at Høgre sit i listerekkefølge og vi på bakerste benk såg dermed fram til ein avansert utgave av stolleiken, men vi blei snytt for morroa. Bjørn Hollevik "ofra" plassen sin og satt seg nederst på lista... Kjedelig!

Og ellers så var det ikkje så mykje som hendte. Karianne var fantastisk flink i går foresten. Ho var på talerstolen heile fire ganger! Eg lover å hive meg utpå neste gang!

Så til slutt har eg ei utfordring: 

Kva vil du vi skal sjå etter på neste møte? 
Har du forslag til kåringer? 

Vi er åpne for det aller meste ;)

-Ann Kristin-


tirsdag 8. november 2011

Då er vi i gang

Endelig er vi klar med vår eigen bystyreblogg.
"Bystyreblogg?", tenker du sikkert då. "Det er no ikkje akkurat inspirerande og spennande å følgje med på!" Men ikkje ver redd. Vi har ikkje tenkt å ta for oss dei politiske sakene og halde lange utgreiingar om dei. Vi vil ta for oss livet i kulissane. Kva foregår i pausane? Kven er best kledd? Kven leverte det beste sitatet? Vi vil vise litt andre sider av politikken i Flora kommune.

Så kven er vi?

 Karianne Torvanger.

Ann Kristin Winterthun. 


I dag er dagen då eg skal på mitt aller første skikkelig bystyremøte. Karianne også, egentlig, men ho har vore vara tidligere og har derfor vore på nokre møter. Ho har også god erfaring frå fylkestinget. Derfor var det eg som fekk æra av å poste det første innlegget på bloggen vår. At det er mitt første bystyremøte er ikkje heilt sant, egentlig. Vi hadde jo konstituerende bystyremøte 27.september og for en nyvalgt politiker så var det ein spennande opplevelse. Der i salen gjorde eg meg nokre betraktninger som eg vil dele med dykk.

Det var jo som sagt eit konstitueringsmøte for det nye bystyret. Her var det mange spente sjeler. Eg oppdaga til min store forundring at heile bystyregruppa til Høgre sat i listerekkefølge. Eg trur rett og slett grunnen var den at det dermed blei lettare for dei å vite kven sin tur det var å seie "ja" under navneoppropet... Den nye ordførerkandidaten beit negler og administrasjonskonsulenten nytta tida til å ta seg eit slag sjakk... Dette såg jo ut til å bli eit skikkelig koselig møte.

I eit møte som varte i fire og en halv time hadde vi effektiv saksbehandlingstid på rundt en time... Det var pauser og timeout og pauser og gruppeledermøter... For ei firebarnsmor som stadig befinner seg i tidsklemma kan dette bli ei utfordring, men eg puster med magen og då går alt så mykje bedre. Å puste med magen er dessuten godt for magemusklane og konsentrasjonen.. Men sjølvsagt skal alle saker utgreiast og diskuterast leeeenge og vel slik at den politiske avgjørelsen blir best mulig. Sett fra vår side så er vi jo fullstendig klar over at vi stort sett er i mindretall, men vi kan no få lov å fortelle kva vi meiner likevel.

Nok seriøst prat.

I kveld er det, som sagt, nytt møte og eg gleder meg til å sjå kor mange slips vi kan telle og kor mange høghelte sko vi finner i bystyresalen i kveld. Følg med, så får du vite svaret...

-Ann Kristin-