tirsdag 14. februar 2012

Nytt år, nye muligheter...?

Du trudde vi hadde glømt heile greia? At vi har slutta å blogge fordi det er nokre som meiner dette er forkasteleg? Neida. Her er det ikkje snakk om å gje seg. Har berre vore hektiske dagar sidan sist bystyremøte. Vi er jo to travle og opptatte damer...

Årets første bystyremøte blei holdt torsdag 9.februar. Vanlegvis er jo bystyremøtene på tirsdagar, men siden Flora kommune er så heldige å ha fleire representantar som sit både i bystyret og på Fylkestinget, blei møtet flytta slik at det ikkje blei dobbelbooking.

Dersom du har lest dei siste blogginnleggene så har du fått med deg at ved forrige møte blei det høg temperatur. Og i den anledning hadde vi sendt inn ein interpellasjon til bystyret om folkeskikk.
eg fekk "æra" av å legge den fram for bystyret. Det gjekk heilt fint. Men eg forstår ikkje kvifor eg skal bli klam i hendene av å snakke. Mulig eg må prøve å synge innlegga mine... Uansett, vi fekk eit fyldig svar av Ordfører Bengt Solheim-Olsen. Om at han ville "kreve" at dei folkevalde oppførte seg i tråd med god folkeskikk og at det å ha eit godt arbeidsmiljø i bystyret var alle representantar sitt ansvar. Fint og rundt svar.

Den store saka på dette møtet var sentrumsplanen. Den skulle godkjennast for å bli lagt ut på høyring. Der hadde vi nokre endringar og eit tillegg, men vi fekk ikkje debattert det siden det blei sett strek for talelista før Arbeiderpartiet hadde fått lagt fram sakene sine. Vanskeleg å debattere når ein berre kan ta replikk... Som ny i gamet syns eg dette var ein litt spesiell måte å gjere ting på, og eg forstod det slik at det var fleire som reagerte på det samme.

Ei anna sak som skapte litt feber var opprettinga av folkehelseråd i kommunen.Folkehelserådet skal arbeide med måla i helseplanen del 1, og siden den ikkje handlar om barn og unge si helse, meinte vi at det var viktig å få med eit punkt om at det måtte settast eit fokus på barn og unge si helse. Høgra var vel egentlig langt på vei enige med oss, men ville likevel ikkje stemme på vårt forslag. Dei ville heller formulere eit forslag som vi skulle stemme med dei på. Her blei det ein meget temperert diskusjon.

Men no er det nok alvor og seriøsitet.Vi har jo fronta denne bloggen som ein politisk vittig blogg, og det har vi tenkt å fortsette med. Så om du ikkje vil lese om bekledning og vittige komentarer, så får du slutte å lese her, for no begynner det:

Møtet starta med ein liten visitt av ein kjend revyfigur, Reidar. Han fekk fram latteren hos dei aller fleste, og det gjorde godt.
 Reidar

Årets første møte inneheldt ikkje dei aller vittigste poenga. Men nokre gullkorn var det sjølvsagt. Og siden vi liker kåringer, så må vi vel kunne sei at det denne gangen var Venstrepolitiker Odd Bovim som kom med dei fleste. Og dei kom under debatten om den såkalla monsterlinja. Ein debatt der bystyret kom med ein felles uttale i forhold til trasèvalet til OED.
"Det er ikke noe galt i å være eikefjordpolitiker.
 Vi skulle gjerne hatt enda flere av dem" O. Bovim
Og i samme sak:
 "Ved å gå imot monsterlinjen der den blir plassert nå, 
går vi inn for dyrere strøm. Det støtter Venstre fullt ut"O.Bovim

Vi tok også i dette møtet ei opptelling på slips. Det er fortsatt alt for få slips i bystyret. Det var berre to menn med slips. 
Det var (som vanlig) rådmann, Terje Heggheim, og så var det representanten frå KrF, Gustav Nydal. "Ja" til fleire slips!!!
Ein har det ikkje meir morro enn ein lagar sjølv, heiter det. Og det er utrulig kor godt ein skrivefeil i eit politisk dokument kan passe inn i den store samanhengen. Då vi skulle diskutere Viltnemda i kommunen, gjekk Hanne Kristensen på talerstolen og ville ha ei oppklaring i kva rådmannen hadde meint når det stod i saka at ordfører og rådmann hadde "mørerett" i viltnemda... Ordfører og rådmann var svært fornøgd med den retten, og såg ikkje nokon grunn til å endre på feilen. Mørerett kan jo være greit det...

Rådmannen hadde også nokre gode linjer på lager denne kvelden. Dei som las Firdaposten rett før MGP-helga i Florø, fekk med seg at safen på ordføreren sitt kontor gjekk i vranglås og at det til slutt måtte brukast vinkelsliper for å få opna den. Skikkeleg "Olsenbanden" opplegg. Og rådmannen har tydelegvis blitt inspirert av dette når han skulle forberede saka om nytt tak på Haffen, for då kunne han meddele bystyret at  saka var "timet og tilrettelagt". Det mangla berre at han sa: "Jeg har en plan". Det hadde han nok, men han sa det ikkje. Når eg tenker meg om så er det vel derfor vi er i salen alle sammen, fordi vi har en plan...

Når det gjeld talelista i møtet, så må eg innrømme at eg datt ut ei stund. eg har derfor ikkje ei korekt liste, å presentere, men dei to som var flest ganger på talerstolen denne gangen var: 
1. Jacob Nødseth
2. Rådmannen

Så til møtets høgdepunkt: Dagens outfit!

Og årets første kåring går til............................

Frank Willy Djuvik

På bildet er han sammen med Åge Larsen, so ikkje heilt nådde opp i kåringa, men som fekk være med på bildet likevel. Djuvik hadde dessuten dei blankaste skoa...

Sånn. No trur eg  at eg har fått med både litt av det vi diskuterte og litt vittige ting. 
Og, om du fortsatt syns bloggen vår er teit, dum og barnslig, så foreslår eg at du lar vær å lese den neste gang...

Ha en fin dag. 

Vi bloggast ;)